inBusiness

Nyheter

...at turre tre skyt knopp...

Seks salmar av Elias Blix for kor/solo og orgel (klaver) C3516

Med unntak av ”Tombeau”, som er eit versutval frå salmen ”No soli bakum blåe fjell” til bruk i eit tragisk høve – vart desse tonane til under ein rekonvalesens. Stor takk til Anders Aschim og Svein Malmbekk for å minna meg om at Blix ikkje var ferdigkomponert. Stor takk til Anne Grethe og Thomas Falck Sivertsen for å husa meg etter ein operasjon. Det meste i dette heftet er skrive hjå dei.


- Ideen til ”Det er so godt å vitja” har kome etter å ha høyrd om lag ”hundre kor” koma inn i prosesjon - syngjande ”Alta Trinita Beata”. I vissheten om at Blixversa er betre poesi enn hine – for å seia det varsomt – ville eg gje norske kor eit alternativ. Kan hende Blix ikkje tenkte seg at det skulle komponerast til salmane hans. Denne salmen tenkte han nok til Lindemans melodi som i koralboka sto under ”Min sjel, min sjel, lov Herren” – i dag sungen til m.a. ”En Gud og alles Fader”. Men salmediktarane på 1800-talet tok ikkje mykje omsyn til samspelet millom tekst og musikk. Allehelgenssalmen som i dag tek til med ”Heilag er/ kyrkja her” tenkte han til tonen frå ”Glade jol”.(!)


- ”Fordom til federne so jamt” er typisk Blix. Han treng nokre vers til å syngja seg opp på, men då vert det ein gedigen anafora – oppstiging – av det. Har han tenkt seg at denne skulle syngjast til tonen ”Kirken den er et gammelt hus” – fortener han i grunnen en eigen tone i staden.

- ”Gode hyrding” er ein gripande langfredagssalme. At den falt ut av salmeboka av 1985, var nok fordi den likevel ikkje vart nytte. Blix hadde tenkt seg at den skulle syngjast på samme tone som
”Påskemorgen slukker sorgen” – ein kombinasjon som i dag er dømt til å mislukkast.


- ”Himmelheren” var i Norsk Salmebok sett til Laubs tone til ”Alt står i Guds faderhånd” Mange meinte desse ikkje høver i hop, og gjev tona skulda for at salmen ikkje vert nytta. Dette er den einaste i samlinga her som er fullt utstyrt med junctimsatsar og diskantar.


- ”Seg, Jerusalem” vert i dag nytta til Adam Dreses tone ”Jesu geh voran”. Versemålet er det same Blix har i ”Sæle jolekveld”.


Samlinga er (slik eg har hatt for vane) utstyrt med melodinamn. Nokre merknader til bruk finn ein og.
Då eg budde sentralt i Oslo på 1980-talet, gjekk eg dagleg forbi Blix’ grav på min veg til Norges Musikkhøgskole. Her las eg:
”Ja, Ordet av Guds munn
gror nytt på gamal grunn.
Gud, lat det halda ved
til siste ættarled
å skapa liv i landet.”

Det skje!

Kjerringøy, august 2014
Trond H. F. Kverno

Publisert: 25.09.2014

Topp 10

Siste nytt

Sammarbeidspartnere

sponsor01.png sponsor03.png sponsor04.png eide_logo_70.png